I drivhuset til Alchemilla kan ein driva med nesten ka så helst – driva dank til dømes...

– eller så kan du spela og dansa, eta og drikka i denne «mega-hagestova»

Ka? Leige arrangementlokale

Drivhuset kan du leige til kurs, arrangement, festlege anledningar, kundemøter, konserter, revy, fotoutstillingar, you name it! Sjå i Alchemilla-kalenderen kva tid det er ledig for utleige…

I dag er lokalet rått og rock`n roll med ein stor tøtsj av roser, sitrontre og urter. Gjenbruksmentalitet rår og Alchemilla vil bygga solide løysingar steg for steg. Derfor er drivhuset pr. 2016 lagt til rette med mogleik for grilling og enkel servering.

Mobile toalett er reine og fungerer som dei er tenkt.

Ka? Innhald

Drivhuset har innlagt vatn og straum til scene, musikk og stemningslys. Sitrontre, roser, bær, urter og andre spiselege vekstar i opphøgde bed og gamle oljefat er gartnaren sin lidenskap. Det er trinnlaus løysing i drivhuset, med steinstøv og betong som golv.

Scene og danseplatting kan gjerast om til foredragsarena og sitteplassar til 150 personar. Drivhuset kan riggast for 170-200 personar med stolar, bord, benker og sjølvsagt har vi eiga kysseavdeling.

Ka? Leige parsell

I drivhuset til Alchemilla kan du så frø, plante og dyrke. Du kan leige grønsak- og urteparsell der ver og vind ikkje betyr noko.

Hos oss er det godt klima og heile familien får skitne negler etter graving i jorda.

Vi kan tilby skjøtsel og vatning om du har dårleg tid eller vil på ferie midt i groinga.

Ka? Vi held kurs

Innimellom held vi kurs som ofte dreier seg om plantekunnskap, hage, mat og ville vekstar. Vi knyt til oss kunnskapsrike foredragshaldarar frå heile landet og har du lyst å dele kunnskap du brenn for er du velkommen til eit samarbeid.
For oppdateringar sjå facebooksida til Alchemilla, eller finn kursdagane i Alchemilla-kalenderen.

Alle bileta på nettsida er tatt av Jon Arne Tjelta.

Nokre fleire bilete frå drivhuset

Ka? Prisar

Vi gjer deg tilbod/pris tilpassa ditt behov og samarbeider med andre lokale heltar i Rennesøy om det er tenleg for din fest. Ingen fest er forliten. Lokalet passer frå 5 til 180 personar. Alchemilla sitt drivhus ligg i Hellandsveien 92 på Rennesøy.

Sjå i Alchemilla-kalenderen kva tid det er ledig for utleige.

Alchemilla

Hellandsveien 92, Rennesøy
Telefon 415 06 578
post@alchemilla.no

HALLO?

Send ein e-post eller ring 415 06 578. Me snakkast!